Farvel til årgangsflygelet!
Farvel til årgangsflygelet!

Fyllingsdalen menighet fekk eit gamalt flygel for ei tid sidan.

 

Men tysdag 4/4-2017 braut det beinet. Det skulle flyttast, og kombinasjonen av små hjul og ujamnt kyrkjegolv viste seg å gå ganske dårleg, eitt av beina losna, og flygelet datt i bakken. Heldigvis blei ingen personar skadde.

 

Eg er blitt ganske glad i årgangsflygelet vårt (Duysen, bygd 1898), men innser no at eg må seie farvel til det. Ein enkel reparasjon kan få det spelbart igjen, men bein-festet vil bli mindre solid enn før. Og eit kyrkjeflygel må kunne trillast utan risiko! Men skulle det vere nokon som har lyst til å ha det som stasjonært flygel i stova si, ta kontakt!

 

Og elles meiner eg at Fyllingsdalen kyrkje treng eit nytt flygel, og håpar det kan koma snart!

Helsing Liv Skoglund, kantor.